Ord for dagen 29.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Heilhjarte-måndagen vil eg kalle måndagen i påskeveka.

Lyskapellet på Beitostølen. Foto: Thor Østbye

Til minne om den fattige enka som gav alt ho eigde til dei fattige, og som av Jesus blei rekna som den største gjevaren. Fordi ho gav alt ho eigde. Ho skal få stå som eit lysande førebilete på å gje av heile sitt hjarte; ja eit førebilete i å leve heilhjarta.

Hjartet vårt held ofte igjen på engasjementet. Sjølv treng eg ein turkammerat som dreg meg med seg det siste strekket når eg sjølv helst vil snu og gå heim igjen. Likevel veit eg at det er dei siste motbakkane som gjer at eg kjem i litt betre form. Dette hjartet vårt har faktisk godt av å gje heile seg, bli slitent - det er det som betrar kondisen.

Heilhjarte-måndagen for å kjenne gleda av å vera eit heilt menneske, fylle seg sjølv med engasjement.

Heilhjarte-måndagen for alle dei som får glede av å møte eit heilhjarta menneske i deg.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"